Fotocredit:

Lokalprogram Seljord 2015

Kommunesamanslåing

Vi er kritiske til auka sentralisering og byrå- krati. Ved ei samanslåing vil vi arbeide for at lokale funksjonar uansett vert ivaretekne, at avstanden mellom innbyggjarar og politiske avgjerder vert så liten som mogeleg, og at den løysinga ein vel blir så miljømessig og fagleg god som råd.

 

Næring

Vi meiner at vi må gå vekk frå vekstfilosofien. I staden for auka privat forbruk ynskjer vi eit berekraftig og grønt næringsliv. Difor seier vi:

  • Ja til å legge til rette for grøne verksemder som kan gje miljømessig forsvarlege arbeidsplassar
  • Ja til å støtte opp om primærnæringane og utvikle desse i meir miljøvenleg retning
  • Ja til bruksformer og tiltak som vernar om kulturlandskapet gjennom miljøvenleg bruk
  • Ja til å innføre ein sosialt rettferdig eige- domsskatt dersom det er naudsynt for å betre kommunale velferdsordningar.
  • Ja til å avvikle norsk pelsdyroppdrett
  • Nei til sundagsopne butikkar

 

Samferdsle

Lokalt, som globalt, må samferdslepolitikken vere ein del av det grøne skiftet. Difor seier vi:

  • Ja til arbeidet for høgfartsbane
  • Ja til å betre offentleg kommunikasjoninnanfor kommunen
  • Ja til reduksjon av fossilt brennstoff
  • Nei til ei liberalisering av snoskuterkjøyring i utmark

 

Helse og oppvekst

Seljord har eit godt helse- og oppveksttilbod, men vi vil fokusere på meir førebyggjande tiltak for å betre livskvaliteten ved m.a.:

  • Prioriterte grøntområde, tur- og sykkelveg i framtidige arealplanar
  • Vern om fri natur – vår viktigaste kjelde til helse og livskvalitet
  • Stimulering til å handle miljøbevisst (resirkulering, gjenbruk, energisparing, skulehage, kompostering)
  • Meir fysisk aktivitet i skulen og i eldreomsorga

 

Kultur

Kultur, i vid tyding, gjev auka livskvalitet og er ein del av økonomien som kan vekse utan at det går utover miljøet. Difor bør Seljord:

  • Vidareutvikle samarbeidet mellom kommunen og lag og organisasjonar som arbeider for miljø, kultur og fritid
  • Verne om bygningsarven og tradisjonell og miljøvenleg byggeskikk
  • Dele ut ein kulturpris og ein miljøpris annakvart år

 

Innvandring

Verda opplever i dag ei unik flyktningeka- tastrofe. Tusenvis av små lokalsamfunn er øydelagde. Som eit velfungerande lokalsam- funn på den globale solsida bør vi strekke oss langt for å ta vår del av ansvaret for å hjelpe. Eit betre samarbeid med lag, organisasjonar og næringsliv vil gjere det lettare å få til ei vellukka integrering.

 

Miljøtiltak

Seljord kan gjere ei rekkje tiltak – mange av dei enkle – for å bli betre på miljø. Vi meiner m.a. at Seljord bør:

  • Ha ein forpliktande klima- og energipla og ambisiøse planar for artsmangfald og avfallsreduksjon
  • Lage ein miljørekneskap for areal- og reguleringsplanar og anna kommunalverksemd
  • Ha nulltoleranse for nedbygging av matjord
  • Innføre miljøkrav til kommunale innkjøp og tenester (kjøttfri dag og bruk av minst 30% økologisk mat i kommunale kantiner)
  • Gjere innkjøp frå lokale produsentar
  • Nytte elbilar til kommunalt bruk
  • Redusere offentleg belysning
  • Ha ein meir samla plan for og regulering av hyttebygging
  • Arbeide for ei sertifisering av kommunen som miljøfyrtårn
  • Gje støtte til utskifting av gamle ved- og parafinomnar
  • Oppmode matbutikkar til å gje bort etande mat som har gått ut på dato
  • Stimulere til auka bruk av private komposthaldarar, til produksjon av eigen hagejord, i staden for levering til Renovest
  • Opprette ein andelshage og byttesentral for sportsutstyr og syklar

 

Sjå kandidatane i Seljord