Fotocredit:

MDG i Bø anbefalar grundigare utreiing

Kommunesamanslåinga er ei kompleks og vanskeleg materie. Spørsmålet me skal ta stilling til er så utfordrande at ein eigentleg burde vore statsvitar, økonom og jurist for å kunne ta ei trygg og god avgjerd. Og ei god avgjerd er det verkeleg viktig at me tek. For dette gjeld framtida, og valet vil kanskje vere umogleg å reversera.

2. juni, 2016

Innlegg frå folkemøtet om samanslåing i Bø, 31. mai 2016.

Men eg er ikkje ekspert på verken det eine eller det andre. Og ikkje føreligg det analyser, konsekvensutgreiingar eller tilråingar frå objektive tredjepartar heller. Det einaste me politikarar har å støtte oss på er vår eigen lokalkunnskap. Og den er naturleg nok størst innan egne kommunegrenser. Eg stiller meg tvilande til at me som folkevalde i ei ny storkommune vil klare å ha like brei og djup kjennskap til alle krikar og krokar som me har i dag. Eg fryktar at det istaden blir kiving krinsane imellom, med politikarar som handlar utifrå tilhøyrigheit, framfor heilskap, og med bygdelister som mogleg resultat. Me vil også bli langt færre folkevalde per innbyggjar – totalt 29 stykker – mot dagens 25 i Bø og 29 i Sauherad. At forvaltningsområdet blir større og representantane færre bidreg begge deler til å svekke lokaldemokratiet.

Verdipolitisk er eg oppteken av samarbeid. Dette perspektivet talar sterkt for brei dialog og omfattande samløysingar med nabokommunane våre. Me har allereie eit etablert interkommunalt samarbeid for Midt-Telemark, organisert i åtte store områdea IKT, Landbruk, Næringsutvikling, PPT, Barnevern, Brann og redning, Energi og Turisme. Dette samarbeidet fungerer godt, men styringsforma er ikkje optimal. Dette talar i retning samanslåing, dersom det ikkje finst andre, smarte organiseringsformer. Lokallaget til MDG er også interkommunalt organisera. Det famnar om alle tri Midt-Telemark-kommunane og faktisk Seljord også. Vi utvekslar informasjon og idear på tvers, og har slik sett tilrettelagt godt for samarbeid kommunane imellom.

Næringslivet i regionen støttar samanslåingsprosjektet. Me bør sjølvsagt lytte til næringslivet, men eg har ikkje høyrt noko vektig grunngjeving som underbyggjer støtta. Tvert om har Knut Vareide frå Telemarksforsking uttala at samanslåing ikkje vil ha det grann å seie for kommunen sin næringsattraktivitet. Dette fordi bedriftene forheld seg til stader heller enn kommunar.
Også på andre område får eg inntrykk av at det er mykje tom retorikk. Ein vil t.d. gjere kommunen meir robust, tenestene mindre sårbare, og så videre. Intensjonsavtala er full av slike gode intensjonar som det er vanskeleg å vere ueinig i. Men det er også vanskeleg å sjå at ei samanslåing er nødvendig for å jobbe mot desse visjonane. På området for klima og miljø, som står sentralt for partiet mitt, Dei Grøne, er det for eksempel lite nytt i dei åtte punkta som er skisserte i avtala. Det er fint å samarbeide om desse viktige utfordringane, men igjen er eg usikker på om kommunesamanslåing er rette svaret.
Sjølv om Bø kommune har anstrengt økonomi, så er me ein kommune med god kvalitet på tenester og infrastruktur. Og me er ein kommune og tettstad i sterk vekst, med betring i sikte også på det økonomiske planet. Og på eitt område skil me oss klart ut: Me er ein kompakt kommune med berre eitt kommunesenter. Dette gjer at fokus og prioriteringar gir seg sjølv. I ei ny storkommune vil me få fire nye tettstadar inn i likninga. Administrasjonen blir truleg meir effektiv og fagleg sterkare, men saksmessig blir bildet langt meir komplekst og fragmentert.

Resultatet av folkerøystinga i Bø inngår i ei nasjonal trend; så langt har berre ein fjerdedel endt med ja, og dette gir ein enno lågare andel kommunar som faktisk finn saman. Dermed kan det synast som om Sanner sitt prestisjeprosjekt er i ferd med å havarere. Vil han då tørre å gå for tvangssamanslåing og straff? Med Stortingsvalet som nærmar seg kan det koste dyrt for partiet.

Mange har kanskje inntrykk av at det er full politisk semje om samanslåing i kommunestyret. Sanninga er den at me ikkje har diskutert saka enno. Me har berre røysta for å drive prosessen framover. Eg håper me kan ha ein åpen og konstruktiv debatt når saka endeleg kjem opp til behandling, og at det ikkje har gått prestisje i saka for dei partia som har vore mest involvert i framforhandlinga av intensjonsavtala.

Mitt standpunkt er å fortsatt vere åpen for samarbeid og muleg samanslåing. Men eg syns ikkje me skal forhaste oss i eit så komplisert spørsmål, med så omfattande følgjer.

Eg ønskjer meg også ein grundigare utreiingsfase med meir omfattande innbyggjarinvolvering. Dette vil gi prosessen ei modning og ei breidde som kan vise seg å å gi godt utbytte når ekteskapet skal fullbyrdast.

Kort oppsummert meiner eg me bør tileigne oss meir kunnskap om fordeler og ulemper ved både samanslåing og det å forsetje som eigen kommune. I tillegg bør me ikkje forhaste oss inn i ei samanslåing fordi me vert truga og lokka til det med ein så knapp frist å forhalde oss til. Dette er vår kommune. Me bestemmer.

 

Ingebjørg Nordbø Ingebjørg Nordbø bur i Bø og er kommunestyre-representant for Miljøpartiet Dei Grøne i Bø.