Fotocredit:

Kunstgras og miljø: når skal idretten og politikarane vakne?

I Telemark, som i resten av landet, er det alt bygd ei rekkje kunstgrasbaner og ballbingar, og mest alle med gummigranulat frå oppmalte bildekk, som vi nå veit er særs skadeleg for miljøet. Frå desse banene sig det jamt og trutt store mengder mikroplast rett ut i vassvegane, og deretter ut i havet. I tillegg kan bildekk innehalde kvikksølv, bly, arsenikk, sink og mange andre giftstoff.

20. august, 2016

Det burde ikkje lenger vere naudsynt å påpeike dette: Miljødirektoratet arbeider med retningsliner som skal vere ferdige i løpet av året, og Klima- og miljødepartementet oppsummerte nyleg problemet slik: «Plastavfall i havet, også mikroplast, kan både inneholde miljøgifter og samle opp miljøgifter.  Det er vist at mikroplast kan tas opp av mange dyr i havet, blant annet plankton som er viktig næringsgrunnlag for større dyr. Det er også vist at miljøgifter kan frigjøres fra mikroplast i magen på dyr. Det fryktes alvorlige negative effekter på livet i havet og forurensning av fisk og annen sjømat både av mikroplasten og miljøgiftene som følger med.»

Det er ingen grunn til å tru at det er annleis i ferskvatn. I tillegg veit vi, også frå Miljødirektoratet, at kunstgrasbaner er den nest største kjelda til mikroplast i naturen. På kvar av dei over tusen kunstgrasbanene i Noreg ligg det tonn på tonn av dette giftstoffet. Dette burde vere meir enn nok til å stanse all bygging av kunstgrasbaner med gummigranulat, og nok til å bygge om dei banene som har det.

Idretten er ei gigantisk pengemaskin, og i siste instans er det desse pengeinteressene som pushar på idrettslag over heile landet og innbiller dei at dei treng kunstgras for å vere på høgde. I Seljord vert ei ny bane opna om kort tid. Den naturlege grasmatta, som dei fleste var nøgde med, var ikkje god nok lenger, for med kunstgras kunne ein forlenge sesongen med nokre veker. Det var verdt prislappen på 13-14 millionar. Her unngjekk ein likevel med eit naudskrik gummigranulat etter at kommunen kosta mellomlegget for bruk av kork som alternativ. Den direkte årsaka var storaurestamma i Vallaråi som alt er sterkt truga.

I Tokke er situasjonen verre: her har ein eit endå meir prekært trugsmål mot ei storaurestamme og eit vassdrag som er omtala som høgast prioritert i heile landet. Like fullt har kommunen og idrettslaget kvitta seg med ei fullgod grasmatte og bygd ei kunstgrasbane som truleg har kosta om lag 10 millionar, med tonnevis av gummigranulat mindre enn hundre meter frå Tokkeåi med sårbare gyteplassar, og ovanfor det kommunale inntaket av drikkevatn. Anten har dei involverte vore likeglade sjølv om dei visste, eller dei har vore uvitande om noko dei opplagt burde ha visst. I alle høve bør dei gjere ein innsats for å rette opp att ei særs uklok avgjerd.

Miljøpartiet Dei Grøne vil med dette oppmode alle som har innverknad på planlegging av nye kunstgrasbaner og på drift av dei som alt eksisterer, dvs. fylket, kommunar og idrettslag, om 1) å innføre totalforbod mot bygging av nye baner og ballbinger med gummigranulat, og 2) å arbeide aktivt for å finne finansiering til å skifte ut gummigranulatet i dei banene som alt er bygde.

Dersom ein vil argumentere mot dette forslaget med å peike på at styresmaktene enno ikkje har kome med klare åtvaringar mot bruk av gummigranulat, er det diverre rett at det er slik. Men som det heiter: det er lov å bruke hovudet, og for dei som er uvitande gjev eit raskt søk på nettet mykje utriveleg lesnad. Gummigranulat har vore aktivt debattert i fleire år (SINTEF hadde til dømes ein rapport alt i 2004 med klare åtvaringar), i fleire land er det sterke mistankar om at urovekkande mange krefttilfelle blant mellom andre keeperar skuldast dette stoffet, i Frankrike har fagforeininga for dei profesjonelle fotballspelarane kravd at kunstgras vert forbode, og det er all mogeleg grunn til å rekne med at det om fem år ikkje vert lov å nytte granulat frå bildekk i det heile. I tillegg er føre-var-prinsippet eit prinsipp vi snarast må bli betre kjende med. Det burde vidare vere sjølvsagt at ei rørsle som hevdar å fremje sunne ideal ikkje vel å nytte stoff som beviseleg ikkje berre er usunne, men giftige. På denne bakgrunnen er vi spente på om idretten og politikarar nå vil gjere det dei veit dei bør: å rydde opp snarast råd. Idretten renn over av pengar. Dette kan vere ei prøve på kva den vel å prioritere.

 

Peter Fjågesund
Kommunestyrerepresentant for MDG i Seljord

Innlegget stod først på trykk i Varden 17. august.

 

Peter Fjågesund

Peter Fjågesund er professor på Høgskulen i Søraust-Noreg og kommunestyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne i Seljord. Takka vere Fjågesund sine innspel vart planane om ei ny gummibasert fotballbane i Seljord omgjort. Kommunen vil istaden koste mellomlegget til det litt dyrare, men langt meir miljøvenlege alternativet kork.