Fotograf: GuoJunjun / Wikimedia Commons
Fotocredit: GuoJunjun / Wikimedia Commons

Tankar og tvil om samanslåinga

Samanslåingsprosessen nærmar seg ei avgjerd, med intensjonsavtala mellom Bø, Nome og Sauherad som nå skal leggast ut til avstemming. Kommunestyret i Bø har behandla saka fleire gonger siste åra, og kvar gong har alle partia einstemmig valt å gå vidare i prosessen. Sjølv har eg vore meir i tvil, men tenkt som så at prosessen må gå vidare, og at me trass alt har ei folkeavstemming før endeleg avgjerd fell.

1. februar, 2016

Det er utvilsamt mange fordelar med å gå saman til ein større kommune. Eg ser for eksempel at teknisk eining, som eg kjenner godt, vil få eit større fagmiljø og meir kompetanse på område som dei kanskje ikkje har ressursar til nå. Tenk t.d. om me kunne hatt ein jurist med spesialkompetanse. Eller ein med ansvar for miljø og energi. Og slik ønskjetenking tippar eg dei andre einingane kjenner på også.

Men det eg synes er veldig vanskeleg, er at alt skal gå så fort. Ei så stor og gjennomgripande reform burde me gitt oss god tid til å arbeide med før me bestemte oss. Av argumenter og debattar kan ein òg få inntrykk av at ei samanslåing er avgjerande for å sikre ei god framtid for dei som kjem etter oss. Men både dei som er tilhengarar og dei som er motstandarar har vel det beste for bygda og barna i tankane? Her lyt ein passe på å ikkje nytte argument som berre har retorisk verdi.

Eg ser også at me kjem til å få ei utfordring med den mentale omstillinga som er nødvendig for at ei sammenslåing skal fungere. Under forhandlingane med intensjonsavtala har delegasjonen til kvar enkelt kommune kjempa hardt for å karre til seg ei best muleg avtale for «seg og sine». Om me fortsetter å tenkje slik, kjem det til å bli mykje unødvendig kiving i den nye storkommunen, med politikarar som tenker krins framfor heilskap. Bygdelister blir ofte det litt uheldige resultatet av ein slik kultur.

Som folkevalt håper eg innstendig at innbyggarane brukar tid på å sette seg grundig inn i saka, og ikkje minst nyttar røysteretten sin den 10. april. Berre slik får me som politikarar eit best mulig grunnlag før endeleg kommunestyrevedtak.

 

Ingebjørg Ørnulfsdatter Nordbø,
Kommunestyrerepresentant i Bø