Fotocredit: GuoJunjun

Naturskatt eller pengemaskin? 

– Dette er rein, miljøvennleg kraft, sa politikarane då kommunestyret tidlegare i år vedtok å gå inn for vidare utbygging av Oterholtfossen. Dessverre var det nok heller lyden av raslande pengar som gjorde utslaget. For sanninga er at ei kraftutbygging som får alvorlege konsekvensar for naturen ikkje kan stemplast som miljøvennleg.

10. september, 2015

Når den i tillegg frarøvar oss bøheringar ei viktig kjelde til kultur, sports- og naturopplevingar, må ein spørja seg kor vidt dei folkevalde forvaltar kommunen sine ressursar til det beste for innbyggarane. Som vanleg i saker der miljøverninteresser stend i motsetning til økonomisk vinning, er det verneinteressene som må gje tapt.

Men ser ein nærare på saka er óg den økonomiske vinninga tvilsom. Nye skattar og inntekter erstattar ikkje dei samla og irreversible tapa av natur- og friluftsopplevingar. Prosjektet vil heller ikkje føre til auka sysselsetning anna enn i byggefasen. Med ei turistnæring i vekst som nettopp tek utgangspunkt i friluft og naturopplevingar vil dette óg få negativ innverknad på framtidig næringsutvikling og tilhøyrande kommunale inntekter.

Produksjon av fornybar energi er viktig. Men ikkje for ein kvar pris. Og ikkje når det strider mot Naturmangfaldlova sitt føre var-prinsipp. Istaden må vi jobbe for ein reduksjon i energiforbruket, samt utnytte området rundt Kvennøya, Oterholtfossen og Bø Museum som kjelde til rike naturopplevingar og helseforebyggande aktivitet. Og ikkje minst som attraktiv arena for lokale kultur- og turisttilbod.

Ingebjørg Nordbø
1. kandidat for
Miljøpartiet Dei Grøne i Bø

Innlegget stod på trykk i Bø Blad 9. september 2015