Fotocredit:

Bø og Sauherad med tiltak mot plast

Skal me løyse den globale plastutfordringa må også Midt-Telemark gjere sitt. I ein interpellasjon frå MDG på dei siste kommunestyra i Bø og Sauherad tok ordførarane utfordringa på strak arm. Dei vil sette rådmennen sine på saka, og lova å få utarbeida ei sak til politisk handsaming så raskt som råd. Under kan du lese heile interpellasjonen.

16. juni, 2018

Interpellasjon til ordføraren – Kommunestyre 11. juni 2018:
Kva kan ordføraren gjera for å redusere plastforbruk i Bø kommune?

Konsekvensane av plast i naturen har fått mykje omtale etter at en gåsenebbkval med 30 plastposar og ei mengde mikroplast i magen blei funne utanfor Bergen i fjor. Kvalen si skjebne åpna auga og hjarta våre for dei alvorlege konsekvensane av plast i naturen. Plast i form av bæreposar, vannflasker, sugerør og emballasje er laga av ikkje-fornybare ressursar for å bli bruka i nokre få minutt, men er samtidig så lite nedbrytbare at dei varar i fleire hundre år. Forsking viser at 60-80 % av marin forsøpling er plast, ca åtte millionar tonn kvart år. Dette brytast etter kvart ned til mikroplast som blir ete av fisk og fugl, og til slutt havnar på våre eigne matfat.

Plast er syntetisk, laga av fossil olje eller gass som ikke er fornybar. Årleg blir det bruka omlag ein milliard plastbæreposar i Noreg, og når me veit at produksjon av ett kilo plastposar kreve ca to kilo olje, seier det seg sjølv at redusert forbruk er eit mål. Skal me redusere oljeavhengigheten må me redusere bruken av oljeprodukter, og difor må me fase ut plastposane til fordel for handlenett og bioposar.

Over heile verda fins eksempel der land og byar tek grep mot overforbruket av plast med forbud, avgift og andre initiativ. Storbritannia fekk ned plastposeforbruket sitt med 85%, med det resultat at mengden plastposar på strendene var halvert allereie seks mnd etter at plastposeavgifta blei innført. Det viser at sjølv små tiltak kan ha ein stor positiv påvirkning på miljøet.

I Noreg er det til nå få tiltak for å minske plastbruken. Så kva kan Bø kommune gjere lokalt? Me har som mål å væra ei attraktiv bygd med gode miljøtiltak, og har eit relativt godt omdøme på bærekraft og miljøvern. Det fins mange positive, enkeltiltak som kan og bør gjennomføras så fort som råd for å få ned plastforbruk lokalt. Her er nokre vedtak me kan vurdere:

  • Å utreie korleis ein kan begrense mengda eingongsprodukt som blir kjøpt inn kommunalt.
  • Å starte ein dialog med næringsliv/handelsstand med mål å redusere/fjerne bruk av plastposar i butikkane.
  • Å etablere fyllstasjonar for vannflasker på Bø torg og i Evjudalen.
  • Å kjøpe inn stoffhandlenett som distribueres/selgjast til kostpris.

Vil ordføreren ta initiativ til å redusere plastforbruket i Bø gjennom å gjennomføre eit eller fleire av tiltakene ovanfor eller andre aktuelle tiltak?

Miljøpartiet dei Grøne