Derfor blir det feil enten ein vel å overkøyre eller blindt følgje fleirtalssvaret me har fått. Spesielt sidan Nome no er ute av ligninga og sjølve løysinga ein har teke stilling til har endra seg. Hadde eit liknande scenario funne stad i privatlivet eller i ei bedrift ville dei fleste valt å undersøke materien nærare før ein tok ei så viktig avgjerd. Det syns eg er naturleg også her.
På vegner av innbyggjarane i Bø ønsker eg meg difor ei ny og grundigare utreiing av Sauherad-alternativet – og potensielt også Seljord – kor ein fokuserer ikkje berre på fordelane, men også på risikoen og ulempene som ei samanslåing medfører.
I tillegg bør vi opne for meir debatt og dialog rundt innhaldet i ei ny intensjonsavtale, slik at fleire enn eit forhandlingsutval på tre personar får vere med på å forme dette, eksempelvis gjennom idéverkstader og innspel frå lag og foreninger. Og kva om vi inviterte Sauherad til å komme å presentere seg så vi får betre kjennskap til deira forhold og ønsker. Kven veit, kanskje vil me då klare å kome opp med ei god samløysing som langt fleire vil stille seg bak? Skal vi politikarar lykkast med å bygge ein ny storkommune er vi i alle fall avhengige av å ha innbyggjarane med oss.
Ingebjørg Nordbø
Kommunestyrererepresentant
Miljøpartiet Dei Grøne
Innlegget stod opprinneleg på trykk i Bø Blad 14. april 2016.
|
|
Ingebjørg Nordbø bur i Bø og er kommunestyre-representant for Miljøpartiet Dei Grøne i Bø. |