Fotocredit:

Kva vil dei grøne?

Utgangspunktet for det komande valet er faktisk veldig enkelt, fordi dei viktigaste vala no er dei same om vi bur i Seljord eller Singapore. Utgangspunktet er ein diagnose av den miljømessige tilstanden i verda.

20. august, 2015

I Telemark opplever Miljøpartiet Dei Grøne nesten ein eksplosjon i talet på kommunar der dei stiller liste i valet til hausten. På landsbasis opplever partiet stor framgang, og ville med dei siste meiningsmålingane som valresultat ha fått fleire mandat på Stortinget. Særleg mange unge veljarar strøymer til partiet. Kva er det som skjer, og kva vil Dei Grøne?

Kommunevalet til hausten har iallfall ein ting til sams med dei vala vi gjer kvar einaste dag: det peikar framover; eit val stakar ut ein kurs. Utgangspunktet for Dei Grøne er at vala vi gjer no, om dei er lokale eller globale, og om dei i fyrste omgang berre peikar fire år fram, er avgjerande på ein måte som vi tidlegare ikkje har trengt å tenkje på. Dei Grøne tek på alvor den tilstanden kloden, ifylgje godt og vel 97 prosent av klimaforskarane i verda, er i.

Sjølv gjekk eg inn i Dei Grøne, ikkje fordi eg ynskte meg ei politisk karriere, men fordi eg oppfatta det som ei form for moralsk plikt, fyrst og fremst i høve til dei som kjem etter meg.

Eg gjekk inn i dette partiet fordi det har ein politikk som er realistisk og naudsynt i høve til dei problema vi står andsynes. Eg finn ingen andre parti som gjer det.

Eg gjekk inn i partiet fordi eg oppfattar det som eit sentrumsradikalt parti, som markerer ein naudsynt avstand til både høgre og venstre, som båe sit fast i gamle løysingar.

Eg gjekk inn i partiet fordi det er meir enn eit parti: det er ei rørsle, som eg paradoksalt nok håpar skal bli til overs, ganske enkelt ved at så mange som mogeleg av dei andre partia tek over så mange av våre forslag at det ikkje lenger trengst eit eksplisitt grønt parti.

Eg gjekk og inn i partiet fordi det er det mest uferdige av alle partia; vi innbillar oss ikkje at vi har svar på alle problema, og vil låne øyre til alle gode forslag, men vi kviler trygt i diagnosen som ligg til grunn for problema.

Utgangspunktet for det komande valet er faktisk veldig enkelt, fordi dei viktigaste vala no er dei same om vi bur i Seljord eller Singapore. Utgangspunktet er ein diagnose av den miljømessige tilstanden i verda. Vi kan velje å ta denne tilstanden innover oss, eller vi kan innbille oss at vi kan la vere å velje. Men det kan vi altså ikkje, for om vi gjer det eine eller det andre, så tek vi like fullt eit val.

Det er i dette perspektivet Dei Grøne vil sjå alle dei små, lokale avgjerdene vi skal og må ta i åra som kjem. Vi vil at alle saker som har ein miljødimensjon, og som slik er med på å styrkje eller svekkje den utviklinga som vi er nøydde til å få til, skal løysast med eit sterkt og medvite miljøfokus for auga, nett fordi det ikkje finnst noko alternativ.

Då bør det ikkje overraske nokon at Dei Grøne ikkje er begeistra for lågare avgifter på store påhengsmotorar, for ein liberalisering av snoskuterkjøyring i utmark, for nedbygging av matjord, for pelsdyroppdrett, for auka privat forbruk, for sundagsopne butikkar, for billigare bensin og billigare flyreiser, og for den bylgja av sentralisering og byråkratisering som no rir både stat og kommune. Det bør heller ikkje overraske nokon at vi er leie av alle dei politiske partia som er prega av grønt prat og svart handling. Vi seier ikkje at det finnst enkle og kjappe løysingar; tvert imot må vi ta innover oss at løysingane er krevjande og vil ta tid. Men vi må handle raskt ‒ globalt og lokalt på same tid.

Til slutt, til klimaskeptikarar og andre som framleis meiner at vi manglar informasjon og kunnskap, og at vi difor ikkje treng å handle: Vi kan truleg vere samde om at 97 prosent av klimaforskarane i verda hevdar at klimaendringane vi ser er menneskeskapte. Så kan vi diskutere om alle desse forskarane tek feil, og dei tre resterande prosenta har rett. Eg er den fyrste til å vere samd i at vitskapen ofte opptrer med stor arroganse, men på kva andre felt ville vi på alvor feste lit til eit slikt mindretal av forskarar, når vi elles utan vidare godtek vitskapleg underbygde påstandar på mest alle andre felt? Dei fleste av oss har ikkje kunnskap nok til sjølve å vurdere om dei påstandane vi får serverte er rette eller gale; vi må rett og slett velje om vi vil tru på dei 97 prosenta eller dei tre prosenta. Og for meg ligg det like mykje arroganse i å trekkje i tvil 97 prosent av klimaforskarane som å gjere det same med 97 prosent av forskarar som seier at bilbelte reddar liv, eller at kjemikaliar ikkje er bra for naturen.

Men: det finnst og ei anna kjelde til handling, nemleg sunn fornuft. For treng vi eigentleg kompliserte vitskaplege årsaksforklaringar for å forstå at det forbruksmønsteret vi har opparbeidd umogleg kan vere framtidsretta og at all gifta vi slepp ut i naturen er nøydd til å få alvorlege fylgjer? Når vi ser på søppelberget vi produserer, når vi veit at ein flytur fram og tilbake til Australia produserer seks tonn CO2 (seks gonger det ein vanleg personbil produserer på eit år), når vi bygger ned matjord og øydelegg fornybare naturressursar medan folketalet i verda eksploderer, er det ikkje meir enn opplagt at dette ikkje kan halde fram? Kort sagt, er det sunn fornuft å gå ut ifrå at den velstanden vi nå nyt godt av kan fortsette medan resten av verda skal koma etter, og produsere eit endå større søppelberg og endå meir CO2 og øydelegge endå fleire naturressursar? Og er det sunn fornuft å hevde at ettersom tre prosent av forskarane meiner at planeten er like sunn som han alltid har vore, er det tryggast å halde seg til desse og satse alt på at dei har rett? Er det ikkje dette ein vanlegvis kallar strutsepolitikk?

Eg finn berre eitt politisk parti som snakkar høgt og konsekvent om desse spørsmåla, og som i tillegg vil at all politisk handling skal vere styrt av den sikraste diagnosen vi kan finne. Difor har eg ikkje noko val.

Peter Fjågesund, fyrstekandidat Miljøpartiet Dei Grøne, Seljord