Fotocredit:

Kven i kloden skal eg stemme på?

Regjeringa sit på eit skip til forveksling likt Titanic; dei har for lengst fått melding om at farvatnet er fullt av isfjell, men kva handlar samtala om? Jau, skatt. Og ikkje nok med det: dei ropar på meir dessert og høgare fart.

 

24. august, 2017

Innlegg av Peter Fjågesund

Vi som høyrer til eit politisk parti og som vil overtyde deg om at du bør stemme på oss, får stadig høyre, ikkje minst frå våre eigne, at vi må kome med positive argument; vi må vise optimisme og håp; vi må vere løysingsorienterte og kome med gladmeldingar. Er det då lov å seie at eg ikkje kjenner det slik? Tvert om: eg er sint, frustrert og utolmodig. Eg er lei for det, men eg har inga gladmelding å kome med.

Eg er sint fordi vi har ei regjering, og stort sett ein opposisjon, som er samde om det meste: dei sit i den dyraste restauranten på eit skip som til forveksling liknar på Titanic; dei har for lengst fått klar melding om at farvatnet er fullt av gigantiske isfjell, men kva handlar samtala kring borda om? Jau, skatt – eigedomsskatt, formueskatt og skattelette. Og ikkje nok med det: fleire ropar på meir dessert og høgare fart.

Eg er sint fordi dei største partia våre knapt lyfter ein finger for å hindre at hav og vassdrag blir fylde av plast, og fordi dei brukar tid på å diskutere om dyr i tronge bur har det godt eller ikkje; eg er sint fordi dei bablar om uvesentlege ting, og ikkje vil innrømme det dei sjølve veit: at vi som veltar oss i rikdom og olje burde ha skamkjensle nok til ikkje å krevje meir vekst og meir forbruk. Dei veit at FNs miljøprogram har rett når det seier at den viktigaste grunnen til at vi ikkje kjem nokon veg med å reversere forureining og klimakrise er kravet til vekst. Og ein treng ikkje vere nokon Einstein for å forstå at auka vekst i røynda er ei gigantisk global blindgate, eller det som verre er. Det er ikkje vanskeleg å sjå at om India og Kina, med fire gonger folketalet i Europa, skal leve som oss, forbruke som oss, forureine som oss, og ete kjøtt som oss – kort sagt ha ein vekst som oss (og kvifor skulle dei ikkje det?), gjev svaret seg sjølv. Dette veit alle dei såkalla ansvarlege partia, men kva lovar dei oss? Stø kurs; det vil seie meir av det som har brakt oss der vi er! Ein kan nok strekke seg til ei vindmølle her og ein elbil der for å stagge det dårlege samvitet, men elles meir vegar, meir tungtransport, meir oljeboring, fleire vasskuterar og fleire kunstgrasbaner. For vi må for Guds skuld ha vekst, endå vi veit at vi lurar oss sjølve.

Eg er sint fordi eit skarve norsk stortingsval i 2017 ikkje berre er eit val om det som skjer innanfor vesle Noreg; det er eit val om korleis vesle styrtrike Noreg skal opptre i ei verd der dei landa som har ressursar til det burde vere moralsk forplikta til å stake ut den kursen vi er nøydde til å finne. Men i staden for å aksle den børa, er det politisk tabu å ta opp saker som faktisk kunne gjere ein forskjell.

Du kan like det eller ikkje: det er berre eitt parti i den norske valkampen som vågar å stikke hol på dogmet om evig vekst, og kaste ljos over dei mange tabuområda som dette dogmet bygger på. Og difor er det og berre eitt parti som ikkje sit ved restaurantbordet og krev meir dessert og høgare fart, men som i staden prøvar å endre kurs på grunnlag av den kunnskapen vi for lengst har fått om isfjella framfor oss.

Titanic sitt forlis er kanskje den mest symbolmetta hendinga i moderne tid. Det viste at framsteg, teknologi og vitskap ikkje nødvendigvis løyser alle problem. Det viste at naturen kan slå tilbake nett då vi trudde vi hadde full kontroll, og hadde bygd skipet som ikkje kunne søkke. Ein av definisjonane på intelligens er evna til å nytte tidlegare erfaringar i nye situasjonar. Strutsen er kjend for ein annan strategi. Valet er ditt!

Forresten, eg er ikkje berre pessimist likevel, for rundt meg ser eg tusenvis av unge menneske som vil redde jorda, for både seg og ungane dei enno ikkje har, og dei krev meir enn utgreiingar og vakre målsettingar. Og eg ser besteforeldre som vil det same. Eg ynskjer dei lukke til, og håpar dei blir mange, mange fleire, og at dei blir ti gonger meir kritiske, kompromisslause og utolmodige enn dei alt er. Det er der håpet ligg.


Peter Fjågesund

Kommunestyrerepresentant for MDG i Seljord
Kandidat for MDG i stortingsvalet 2017

Innlegget blei først publisert i Vest-Telemark Blad.

Peter Fjågesund (fødd 1959) er dr.philos. fra Oxford University og professor i britisk litteratur og kultur ved Høgskulen i Søraust-Noreg. Han gjekk inn i lokalpolitikken for MDG i 2014 fordi han kjende det som ei moralsk plikt overfor dei som skal kome etter oss. I 2015 vart han valt inn i kommunestyret i Seljord.