Fotocredit:

Natur utan motordur!

Fleirtalet av folket var imot, naturforvaltinga åtvara, naturvernorganisasjonane protesterte, og friluftslivet sine organisasjonar fortvila. Turistnæringa slo alarm.

23. august, 2015

Samane varsla om at reinen vert uroa i kalvingsperioden. Jegarane åtvara om tjuvjakt og øydelagd rypebestand. Seks tidlegare miljøvernministrar meinte at forslaget var galskap. Juristane vurderte det som grunnlovsstridig, regjeringa hadde ikkje – slik paragraf 112 føreskriv – gjort greie for konsekvensane for miljø, helse og biologisk mangfald, slik at informasjonsplikta til ålmenta vart oppfylt. Men regjeringa pressa seint i vår gjennom at kvar kommune skal få høve til å opne særskilde løyper for såkalla rekreasjonskøyring med snoskuter.

Dermed er handsaminga av lova om motorisert ferdsle blitt ei kommunal oppgåve. Ein kan meine at lokal forvalting kan ta betre omsyn til alle relevante interesser ut frå stadeigne føresetnader. Og ein kan påstå at om ein opnar for lovleg skutertrafikk i regulerte løyper, vil ein få bukt med ulovleg køyring.

Men røynslene frå dei såkalla prøvekommunane, frå Nord-Noreg og Sverige (der ein lenge har hatt ein liberal skuterpolitikk, som ein nå freistar å stramme inn) tilseier nett det motsette. Meir lovleg skutertrafikk gjev og meir ulovleg. Har ein kjøpt snoskuter – som ikkje er nokon billeg maskin – vil ein i lengda knapt vere nøgd med å køyre fram og attende på nokre skarve kilometer med kommunale løyper. Og det er uråd å hindre ulovleg kjøyring med køyrety som tek seg fram over alt så fort som vinden.

Snakk med politiet i Vinje – ein av dei såkalla prøvekommunane. Dei gjev eit heilt anna bilete enn ordførar Arne Vinje sine forsikringar om at det er fred og semje som rår. Eller les evalueringsrapporten frå forsøkskommunane, laga av Norsk institutt for naturanalyse (NINA).

Knytt til skuterbruken er slike problem som tjuvjakt, innbrot i setrar og hytter, fyllekøyring og øydelagd nattero i bygdesentra. Og ulukker: spesialskuterane i dag er laga for råkøyring i stupbratt skredterreng. Og ikkje minst: stadig irritasjon for dei som søkjer stilla og roa i naturen. Alle undersøkingar viser at det er nett dette nordmenn flest søkjer i naturen. Dessutan aukar kunnskapen om korleis snoskutertrafikken verkar meir negativt inn på viltet enn ein tidlegare har trudd.

Snoskuteren fyller likevel ein funksjon i ei fjellbygd – til nyttetrafikk. Frakt av materialar og forsyningar til hytter, fiskebuer og setrar, og vedhogst og persontransport i vanskeleg terreng og der tilhøva gjer det naturleg. Ingen vil slikt til livs.

Men rein fornøyelseskøyring er noko anna. Med regjeringa sitt vedtak har ein opna for at skuterinteresser vil presse på for å få opne motorløyper frå bygda og opp på fjellet. Grunneigarar, hytteeigarar, naturinteresserte og friluftsfolk vil gjere dei same røynslene som i skuterlandet Sverige: det er vanskeleg å stå imot. «Vi i skuterklubben har tenkt å trekkje ei løype gjennom marka di, forbi hytta di, over setertunet ditt, i fjellskogen din. Kommunen seier ja, men vi treng løyve frå deg. Skal du seie nei til sambygdingane dine?»

Dette er problemet med lokal forvalting. Det kostar å hevde allmenninteresser når sterke lokale særinteresser gjer seg gjeldande. Bygdefred og godt naboskap står på spel. Difor går Miljøpartiet Dei Grøne til val på at kommunane ikkje skal gjere vedtak om å opne for løyper med motorisert fornøyelseskøyring. Vi vil verne om kvalitetane i den frie naturen – for naturen si eiga skuld, men og for friluftslivet, viltforvaltinga og det naturbaserte reiselivet si skuld. Og for å verne om bygdefreden.

 

Bjørn Tordsson

Dr. scient., førsteamanuensis i friluftsliv, natur- og kulturrettleiing v/HiT
Listekandidat for Dei Grøne i Seljord

 

Artikkelen er òg publisert i Vest-Telemark Blad, 20. aug.