Fotocredit: Guo Junjun / https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/deed.en

Oterholtfossen truga på nytt!

Me trudde kampen om Oterholtfossen i Bø var vunne, etter at både Fylkesmannen og Noregs Vassdrags- og Energidirektorat fraråda vidare utbygging.

21. juni, 2018

Dei negative konsekvensane for dyr, natur, friluftsliv, landskap og kulturmiljø var omfattande, samstundes som den økonomiske gevinsten var liten og usikker. Usedvanleg mange aktørar og privatpersonar engasjerte seg i prosessen, og me kjende det som ein skikkeleg lagseier då frarådinga kom. I tillegg var det ein aldri så liten kilevink til det politiske fleirtalet i Bø, som var villege til å selje naturskatten vår for nokre få sølvpengar.

Men så kjem sjokkmeldinga: MTE har fått Olje- og energidepartementet med på likevel å vurdere løyve. 25. juni er det ny synfaring og NVE sine vurderingar skal settast under tvil.
Kva skjer? Stolar ikkje departementet på sin eigen faginstans? Er lobbyverksemd frå eit lokalt kraftverk meir truverdig, og nok til å gå imot ei krystallklar fraråding? Me fryktar at resultatet kan bli ei politisk motivert overkøyring, ettersom OED ligg under den blåblå regjeringa sin kontroll. Me oppmodar folk og aktørar til nok ein gong å mobilisere, og seie klart ifrå om kva vi meiner om dette. Misser me Oterholtfossen taper me ei naturperle og eit friluftseldorado. Sportsfiskarane kan seie farvel til laks og aure, og elvemuslingen kan gå frå raudlista til utrydda. Er det ei slik naturforvalting med ønskjer?
Vårt svar til det er eit høgt og rungande NEI! Dette må ikke få skje!
Ingebjørg Ø. Nordbø
MDG Midt-Telemark

Innlegget stod på trykk i Bø blad 21. juni.